Napoli-kvartetten

Ei kraftfull avslutning pÄ historia om eit livslangt vennskap. «Historia om det tapte barnet» er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklÊrde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store dramatiske hendingar i livet bak seg. Begge slost ein gong for Ä komme seg vekk frÄ strÞket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bÞker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for Ä vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med Ä frigjere seg frÄ Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nÊrkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frÄ, set ho pÄ prÞve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforglÞymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forfÞrande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt Êrleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og einestÄande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjÞlve vil dei kvar gong oppdage nye ting. Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vÄr tids stÞrste romanforfattarar».