(40)

Verda er ein skandale: ei lita bok om livet

lydbok


Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending - og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

Opplesing: Agnes Ravatn


Oppleser: Agnes Ravatn
Varighet:

4.2

40 vurderinger

Hege

2.3.2024

Fine skildringer om livet og valg og tilhørighet

Benedicte

23.9.2022

Morsom og velskrevet!

Aurora

31.5.2021

Morsom og gjenkjennelig (for ein vestlending).