(3)

Vardane: roman

lydbok


Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei

ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at

leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre:

Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus

har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest

at ho vil snakke med presten.

Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg.

Med seg får han den fjellvane sauebonden

Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med

å spore opp seterjenta er vel ein framifrå

sjanse for Reidar å vise at han framleis er

Fjellmannen i bygda?

«Vardane» er ein roman om ein uventa venskap,

om ei gåtefull leiting i rå natur - og om tre

menneske som, utan at dei veit det sjølv, på

kvart sitt vis er fortapte.

Terningkast 5! «Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.»

- Cathrine Krøger, Dagbladet

Terningkast 5! - Stavanger Aftenblad

På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt - men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.

- Ingvild Bræin, Dag og Tid


Oppleser: Anderz Eide
Varighet: