(0)

Ute, langt der ute: dikt 1967-2021

e-bok


I vika langt mot vest

I vika langt mot vest, langs haustmørk strand

kjem svanene igjen, eg ser det no.

Dei duvar lydlaust like attmed land

og speglar seg når sjøen stig mot flo.

Eg har sett pina skjera andletstrekk,

eg har sett folk ta avskil utan fred,

høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,

men no kjem svanene og slår seg ned.

Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,

ein slik klar haustdag, vinter var på veg,

eg sat og såg mot botnen av ein fjord

og høyrde vengesus som nærma seg.

Så vart det stille. Det gjekk mange år.

No høyrer eg på nytt at venger slår.

Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.