(1)

Lyset du treng finst: dikt i utval

e-bok


Helge Torvund fyller 70 år 20. august 2021.

I den samanheng gir Aschehoug ut "Lyset du treng finst" - Dikt i utval.

Tidligare forlagssjef Trygve Åslund har stått for utvalet i samarbeid med forfattaren.

Sidan 70-talet har Torvund publisert ei mengd bøker i ulike sjangrar.

I 2011 kom han til Aschehoug og gav ut "Alabama?" Den neste samlinga,

"Alt brenner", vekte stor fagnad hjå kritikarane og hausta fleire 6-arar og mykje merksemd hjå lesarane. Samlingane "Tidslys" og "Liljevilje" stadfesta Torvund sin posisjon som ein av dei mest populære poetane våre.

"Lyset du treng finst" hentar i hovudsak dikt frå Torvunds seinaste samlingar, men eit kresent utval dikt frå tidlegare samlingar er òg med. I tillegg er det gitt plass til eit titals nyskrivne dikt.

«Helge Torvund har eit sterkt menneskeleg nærvær og eit nærmast fullstendig musikalsk gehør i diktinga si. ... Kvaliteten på tekstane som har kome med, er strålande.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Han tar alle sansar i bruk for å visa at livet er fullt av store, «torvunderlege» ting for den som kan omgåast dei små ting fortruleg. (...) Og få - om nokon - har skrive meir hudmjukt, alvorstungt, lattermildt om kjærleik enn han. Dette er poesi for deg og meg. Så les Helge Torvund. Han og du fortener det.» Steinar Sivertsen, Krabben poesitidsskrift