(5)

Faderen: Peder Bjørnson forsvarer seg

lydbok


Peder Bjørnson, far til Bjørnstjerne Bjørnson, var arving til ein storgard ved Randsfjorden, men da faren plutseleg døde, måtte han selje garden for å klare gjelda. Han studerte teologi i vaksen alder og prøvde å legge bak seg den store krenkinga som han meinte han hadde vore utsett for. Han var ein av dei striaste prestane som har stått på ein prekestol i Noreg, men etter eit liv i rettsfeider og bygedstrid fann han omsider fred med seg sjølv og andre menneske. Forfattaren følgjer Peder Bjørnson på hans livsreise, og bildet av eit gløymt stykke Noregshistorie stig fram: Det fattige utkantlandet som kjempar for å bli ein del av det moderne Europa.


Oppleser: Edvard Hoem
Varighet: