(1)

Dumme, dumme hjarte

lydbok


Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget - og hamnar opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på når det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist danser ballett som om det står om liv og død. Ja, ho danser som om det er hennar siste dans her på jorda.