(0)

Dansen gjenom skuggeheimen: domkyrkjebyggjaren

e-bok


Det politiske og personlege konfliktstoffet som er hovudtema i denne romanen, hadde Kristofer Uppdal god kjennskap til frå eigne opplevingar og røynsler. Delar av handlinga speglar av konfliktar og stridar i fagrørsla dei første åra etter hundreårsskiftet, jamvel slik at visse personar og hendingar synest ha direkte bakgrunn i det verkelege. Men om "Domkyrkjebyggjaren" på visse måtar kan ha preg av å vera ein nøkkelroman, er det likevel først og fremst fiksjonsverket som interesserer.